Interessert i aktivitet på fjorden? – Kajakk, padling, roing og segling

Sjå kva vi har å tilby våre medlemar, har du kajakk får du kort veg til fjorden frå nausta våre. Meld deg inn no og få halv pris på medlemskapet. Sjå meir informasjon her, og bli medlem du også.

ISK tildelt kr 198 000,- i spelemidlar!

Indre Sogn kystlag har fått tildelt spelemidlar frå Norsk Tipping til flytebrygger ved anlegget vårt i Kaupanger, dei skal plasserast framfor fjordmuseet. Kystlaget tek sikte på å ferdigfinansiere og få på plass bryggene i sommar. Spelemidlane blir tildelt anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv over heile fylket. Les meir om tildelinga her: 37 millionar til fylket

Føredrag av Kristoffer Ullern Hansen

christofferullernhansen

Under årsmøtet vårt den 2. mars hadde Kristoffer Ullern Hansen frå Statens Naturoppsyn SNO, eit interessant innlegg om arbeidet og ansvaret for dei nasjonale miljøverdiar dei har både i fjellet og i fjorden i Indre Sogn. Saman med Barnas Turlag og Indre Sogn Kystlag har Kristoffer Ullern Hansen frå SNO vore med på arrangementa «Fjorden sin dag» i fleire år no i Aurland Kommune.

Kulturminnedagen og opning av "Slippen"

Hei! Her kjem ein liten oppsummering vedrørande kulturminnedagen.

Den 21. september hadde Indre Sogn Kystlag opent hus på Kulturminnedagen og offisiell opning av "Slippen" på Kaupanger. Indre Sogn Kystlag sine medlemmer har utført mange dugnadstimar med praktisk arbeid på og ved naustet til lokallaget på Kaupanger. Dette stod opent, så alle var hjartleg velkommen til å sjå. Det var og høve til å prøveseigle og ro båtane, noko som blei godt likt av borna. Det var også sal av vaffel og kaffi, i tillegg til trekkspel musikk ved bryggja.