Sesongstart 2025
/Indre Sogn Kystlag har starta båtsesongen 2025 med å sjøsette 4 båtar i Kaupangerbukti.
Den nye æringen vår som vart kjøpt i vinter vart henta 13. april i Nordfjordeid. Tysdag den 29. april vart den sjøsett ved basen vår. Det er planlagt ein familiedag 24. mai der me inviterer born og unge til å ro.
Dal-ola båten, æringen, 2 færingar
Ylva (3 år) i den nye æringen 18.mai
Dal-Ola båten som Svein Henjasand har bygd vart sjøsett før påske. Og har trutna godt dei siste vekene. Nokre sprekker gjer at den tek inn noko vatn ved tung last. Kystlaget har tinga ny landgang, og planen er å bruke Dal-Ola båten som arbeidsbåt.
Æringen til venstre, Dal Ola båten til høgre.
Tydsag den 6.mai vart dei to færingane tjærebreidd av Magne, Ruben og Hallstein. Desse låg til tørk i ei veke i finværet før dei vart sjøsett tysdag 13. mai. Sidan då har dei trutna og er snart klare til å bli brukt
magne i arbeid under oppsyn av Hallstein
Dei to færingane våre