Sognabåtane

Indre Sogn Kystlag har to Sognebåtar. Desse er bygd ved Hardanger Fartøyvernsenter sin småbåtverkstad, og er kopiar av ein sognafæring frå Balestrand. Bygginga vart finansiert av Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Orginalen har truleg tilhøyrt Villa Lorna. Den eine kan seglast med råsegl.

Båtane kan roast av to personar samtidig.

Storebåten Marny

Denne båten vart bygd i 1880, og vart restaurert mellom 2015-2020 i regi av Indre Sogn Kystlag med stønad frå Kulturminnefondet, kommunen og Sparebankstiftinga. Båten er ein gamal føringsbåt og kjem opphaveleg frå ein gard på Nornes. Dette er den einaste båten av sitt slag som framleis er intakt, og slike båtar vart gjerne brukt til å flytta beitedyr over fjorden, fiske og handelsreiser til Bergen.

Båten har råsegl, ein segltype der seglet heng ned frå ein rå og enkelt kan løyast. Dette er ein metode for segling som var mykje bruk av vikingane og som eignar seg spesielt godt i område med mykje kastevind, slik som på Vestlandet. Opphaveleg var råsegla av voven ull. Gjerne innsett med talg for å hindre at dei vart tyngre når dei vart våte. Seinare har både hamp og lin vorte nytta. Utover 1800-talet kom bomullsegl meir og meir i bruk og seglduken vart produsert industielt av veveri. ISK har sydd eit råsegl sjølv, og kjøpt eit frå Jøa seglloft.

Båten fekk først namnet Mari, oppkalla etter Mari-Jens garden på Nornes. Etter årsmøtei 2024 vart båten omdøypt til Marny, etter Marny Tønnesen som var ein av grunnleggarane og mangeårig engasjert i Indre Sogn Kystlag.

Dal-Ola båten

Båten vert omtala som Dal-Ola båten og er bygd av Svein Henjasand etter design frå far hans som og var Svein sin læremeistar. Dal-Ola båten har vore lagra innandørs i fleire år, før den vart tatt fram sommaren 2024, og har no blitt sjøsett og brukt av medlemmane i ISK. Denne båten er inspirert av Oselvaren som er bygd slik med tanke på bruk av påhengsmotor. Ein kombinasjon ro- og motorbåt. Siste generasjon trebåt før plasten vart eierådane.

Æringen

Æringen, ein båt med eit par keipar er bygd av båtbyggjar Ragnvald Maustad Holvik i 2020. Båten har ein luggerrigg i Dacronduk og eit par årer.

Båten er 14 fot lang, og med mogelegheit for å sette på ein påhengsmotor. Båten er spesielt tilpassa born og unge som er uerfarne med roing.

Båten vart kjøpt av ISK i april 2025.

Ravn

Båten Ravn ligg ved Høyheimsvik i Luster og kan leigast.

Meir info kjem…

Kystledbåtar på Bakka

På bakka har ISK fleire kystledbåtar som Svein Tufte har ansvaret for å leige ut. I løpet av dei siste åra har det vore stor interesse for båtleige, og det blir samarbeida godt med 29.2 AUrland.

Aurland-færing

Denne lokalt bygde færingen er ein av dei første båtane som kom i Indre Sogn Kystlag si eige. Den var då “godt brukt” og endsliten. I samarbeid med Ornes båtbyggeri restaurerte Indre Sogn Kystlag båten i Kaupanger, før den vart overført til Aurland. Den blir i dag vedlikehald og brukt av elevar på Sogn Jord- og Hagebruksskule, og lokalbefolkinga.

Føringsbåt frå Kvam

ISK har to båtar i Aurland som er lagra i tunnel. Den eine er ein føringsbåt, åttring.

Møinichen båten

Møinichen båten, oppkalla etter Johan Ludvik Møinichen (1838-1915) fikk bygga båten då han blei distriktslege i Lærdal 1877 med ansvar for også Aurland. Denne seksæringen var kvitmåla som alle øvrigheitens båtar, med eit fast mannskap på 5 mann. Dr. Møinichen nytta båten under reiser til Aurland. Båten har kulturhistorie for både Lærdal og Aurland.

Båten ligg lagra inne i tunnel i Aurland.

Innriggar

Innriggaren vår, tidlegare brukt i konkurransar. I moderne rosport vert slike båtar i hovudsak berre brukt til mosjonsturar og opplæringsføremål. Ein flott robåt som i dag diverre ikkje blir brukt.