Fjorden sin dag

Indre Sogn Kystlag og Sognefjorden Vel inviterer til Fjordens dag i Kaupanger.

Tid: lørdag 11. juni fra kl. 11-16.

Sted: Indre Sogn Kystlag sin «base» ved Sogn Fjordmuseum i Kaupanger.

Indre Sogn Kystlag og Sognefjorden Vel inviterer til Fjordens dag i Kaupanger laurdag 11. juni frå kl. 11-16. Indre Sogn Kystlag har "ope hus" på basen sin ved Sogn Fjordmuseum i Kaupanger. Anlegget til kystlaget med bryggjer, naust og båtar er tilgjengeleg. Der vil me fortelja litt om livet i Sognefjorden no og i gamle dagar.

Indre Sogn Kystlag er eit frivillig lokallag tilslutta forbundet Kysten, det nasjonale forbundet som arbeider for å ta vare på vår tradisjonelle båt- og kystkultur. Ei av forbundet sine merkesaker har  vore å få kunnskapen om byggjing av klinkbygde båtar inn på UNESCO si liste over verneverdig kulturarv.

Indre Sogn Kystlag sitt hovedføremål er å ta vare på lokal båttradisjon, og i samarbeid med andre interesserte utvikla nye bruksområde for båtane. Dei som ynskjer, vil få prøva båtane.

Sognefjorden Vel er også ein frivillig organisasjon.  SoVel ønskjer å betre forvaltninga av Sognefjorden og ressursane i den, deriblant fisken. Me vil prøva å visa litt av dyrelivet i fjorden slik me blant anna kan sjå det med ei undervatnsdrone. Me skal også ta prøver av dyreplanktonet og sjå på det i mikroskop. Kanskje klarar me å laga eit lite akvarium med sjøstjerner og anna. Om du lurer på kor salt fjordvatnet er i Kaupangerbukta, så skal me også måla det.

 

Marny Tønnessen (Indre Sogn Kystlag)

Torbjørn Dale (Sognefjorden Vel)