Julehelsing og UNESCO listing

Gode kystlagsmedlemmer, me takkar for at de er med å  støtta arbeidet vårt med å ta vare på og aktivt kunne bruke ro og seglbåtane frå vårt eige distrikt.

Trass i mange nedstenginger vart det likevel   eit positivt og innhaldsrikt år for Indre Sogn Kystlag.

Høgdepunkta i 2021  var Sommarleiren i Juli, som vart støtta av Gjensidigefondet. Som arrangørar  fekk me mange postive opplevingar saman med glade og aktive jenter og gutar frå Indre Sogn. 

Og no seinast i desember 2021, er me stolte og glade for at ein kan seia at dei gamle og nye trebåtane har fått Verdsarvstatus. 

Nordisk klinkbåttradisjoner er skrive inn på UNESCO si liste over «menneskehetens» immaterielle kulturarv. Det betyr at kulturarven må takast vare på for framtida.

Dette er eit stort og viktig status løft for vårt arbeid på Kaupanger og Indre Sogn. 

Vonar at me alle saman i laget skal kunna hjelpa til med å skapa kunnskapskontinuitet med sognebåttradisjonane på Sognefjorden framover i tid.

Tusen takk til alle som har støtta oss med medlemskap, gåver og frivillig dugnadsarbeid gjennom året som no ebbar ut

Ynskjer dykk alle God Jul og Godt Nytt År!